Hopp til innhald

Trolleybuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein trolleybuss i Bergen i 2006.
Trolleybussar i Bergen i 1989.
Trolleybuss eigd av A/S Drammens Elektriske Bane gjekk i rutetrafikk i Drammen, og hadde der nemninga trikk. Bussen hadde kompakte gummihjul, og blei på folkemunne kalla «skinn- og benfri». Fotografi frå ikring 1910.

Ein trolleybuss er ein elektrisk drive buss som hentar energi frå kontaktleidningar over vegen gjennom ein pantograf. Trolleybussane må ha to kontaktleidningar i lufta av di dei er elektrisk isolert frå jorda på grunn av gummihjula, i motsetnad til trikk og jarnbanetog, som nyttar skjenene dei køyrer på som den eine av dei to kontaktleidningane som dei òg treng.

Moderne trolleybussar kan ha dieselmotor i tillegg, slik at dei òg kan kjøyrast som vanlege bussar utanom leidningsnettet.

I Noreg er det i dag (2011) berre Bergen som har trolleybussar i rutetrafikk.

Den første norske byen som fekk trolleybuss var Drammen, i 1909, der trolleybussen var kalla trikk. Oslo fekk i 1940, mens Stavanger og Bergen fekk etter andre verdskrig. Trolleybussen i Stavanger blei lagt ned i 1963, i Drammen 1967 og i Oslo 1968.