Hopp til innhald

The Pentagon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Pentagon

EigarForsvarsdepartementet
ArkitektGeorge Bergstrom
Påbegynt11. september 1941
Opna15. januar 1943
Golvareal620 000 m²
Etasjar7
Stilmodernistisk arkitektur, nyklassisistisk arkitektur, forenklet klassisisme
Kart
The Pentagon
38°52′15″N 77°03′18″W / 38.870833333333°N 77.055°W / 38.870833333333; -77.055

The Pentagon er hovudkvarteret til Forsvarsdepartementet i USA og ligg i Arlington i delstaten Virginia. Bygningen blei innvigd 15. januar 1943 etter eit byggearbeid på 16 månader. Pentagon er verdas største kontorbygning og huser kring 26 000 tilsette. Bygningen har namn etter forma, som er ein femkant eller pentagon.

Som eit ledd i terroråtaket 11. september 2001, planlagd av Khalid Sheikh Mohammed, flaug eit kapra passasjerfly inn i bygningen. Delar av bygningen raste saman, og 125 mennesker døydde, i tillegg til dei 64 passasjerane, medrekna dei 5 kaprarane, i flyet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: The Pentagon