Hopp til innhald

Tandava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit Shiva Nataraja-idol i Tamil Nadu i India.

Tandava (også skrive tāṇḍavam), òg kjend som tāṇḍava natyam, er ein guddommeleg dans utført av guden Sjiva i hindumytologi.[1][2][3][4][5] Når guden blir framstilt som dansar av tandava blir forma hans kalla Nataradja, ‘kongen av dans’.

Natyasjastra, ei sanskritavhandling om utøvande kunst, skildrar ulike aspekt av tandava.

Sjiva-tandava blir skildra som ein kraftfull dans som er kjelda til skaping, vern og oppløysing. Medan Rudra-tandava viser den valdelege naturen til Sjiva, fyrst som skaparen og seinare som øydeleggjaren av universet, til og med døden sjølv, viser Ananda-tandava han som glad. I Shaiva Siddhanta-tradisjonen blir Sjiva som Nataradja (bokstaveleg ‘kongen av dans’) rekna som den øvste herren over dansen.[6][7]

Tandava har namn etter Tandu (taṇḍu), ein tilhengar av Sjiva, som instruerte Bharata (forfattaren av Natyasjastra) i bruken av angahara og karana på ordre til Sjiva.[5] Nokre lærde meiner at Tandu sjølv må ha vore forfattaren av eit tidlegare verk om dramatiske kunstar, som blei innlemma i Natyashastra.[8] Natyashastra skildrar Shiva som fortel om ulike aspekt av dansen til guden Brahma.[5]

Dei 32 angaharane og 108 karanaane blir diskuterte av Bharata i 4. kapittel av Natyasjastra, Tandava laksjanam.[9] Karana er kombinasjonen av handgestar og fotstillingar for å danna dansepositurar. Angahara består av sju eller fleire karanaer.[10]

Dei 108 karanaene av tandava skildra i Nataradja-skulpturar.

Dansen er blitt omtalt som ein allegori i bilde av dei fem hovudmanifestasjonane av evig energi:[7]

  • Srishti - skaping, utvikling
  • Sthiti - bevaring, støtte
  • Samhara - øydelegging, utvikling
  • Tirodhana - illusjon
  • Anugraha - frigjering, utløysing og nåde

Dansen utført av Parvati, maken til Sjiva, som svar på tandavadansen hans er kjend som lasya. Rørslene i denne er milde, grasiøse og til tider erotiske. Ein del lærde meiner at lasya er den kvinnelege versjonen av tandava. Det finst to typar av lasya, jarita lasya og yauvaka lasya.

Tandava dansa av Sjiva

[endre | endre wikiteksten]
Sjiva som Nataradja, flankert av Ganesja og Parvati, i Chidambaram i Tamil Nadu.

Hinduskrifter fortel om ulike høve då Sjiva utførte tandava. Då Sati (den fyrste kona til Sjiva, som blei gjenfødd som Parvati) gav opp anden under Daksja si ofring, blir det sagt at Sjiva dansa rudra tandava for å uttrykke sorg og sinne. Sjivapradosha stotra seier at når Sjiva dansar sandhya tandava, spelar dei andre gudane som Brahma, Vishnu, Sarasvati, Lakshmi og Indra musikkinstrument og syng lovprisingar til Shiva.

Shiva Tandava Stotram er ein stotra (hinduhymne) som skildrar makta og venleiken til Shiva og som skal vera skrive av Ravana, ein ihuga tilbedar av Sjiva.[11]

Tandava dansa av andre gudar

[endre | endre wikiteksten]
Krishna dansar over den undergjorte Kāliya og kona hans Naginis som bed Krishna om barmhjertighet. Frå eit Bhagavata Purana-handskripte, ca. 1640.
Dansande Ganesja.

Ganesja, sonen til Sjiva, kan framstillast som Ashtabhuja tandavsa nritya murtis (Åtte væpna former av Ganesja som dansar tandava) i tempelskulpturar.[12]

Bhagavata Purana fortel at Krisjna dansa tandava på hovudet til ormen Kaliya.[13][14] Purandara Dasa omtalte den dansande Krisjna (Nritya Krisjna) som «Tandava Krisjna».[15]

Ifølgje djain-tradisjonen skal Indra ha dansa tandava til ære for fødselen til djainleiaren Rishabhanatha.[16]

Indisk klassisk dans

[endre | endre wikiteksten]
Tandavadans frå sattriya.

Innan dansen kathak finst det vanlegvis tre typar tandava: Krisjna-tandava, Sjiva-tandava og Ravana-tandava. Det finst òg ein fjerde variasjon, Kalika-tandava.[17][18] Bharatanatyam og kuchipudi har variantar som framstiller Krisjna som dansar tandava på Kaliya.[19]

Manipuri-dans er anten klassifiert som «tandava» (energisk, ofte knytt til Sjiva, Sjakti eller Krishna med krigs- eller frelsar-tema) eller «lasya» (delikat, ofte knytt til kjærleikssoga til Radha og Krisjna).[20][21]

Dei 108 karanaformene av tandava har inspirert sjivaskulpturar frå det 1. tusenåret f.Kr., ofte i ei utforming som set saman mange av desse til ei samansett form, som den ved Nataraja-templet i Chidambaram.[22][23]

Sjiva som Nataradja eller Krisjna som dansar tandava er eit vanleg tema i bronseskulpturar frå Tsjolariket. Nokre sjivatempel i Sør-India viser ein dansande Nataradja.[24]

  1. Dalal 2014.
  2. «MW Cologne Scan». www.sanskrit-lexicon.uni-koeln.de. Henta 6. juni 2021. 
  3. James Lochtefeld (2002), The Illustrated Encyclopedia of Hinduism, Rosen Publishing, ISBN 978-0823931798, pages 687
  4. «Tandava | Indian dance». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 6. juni 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Natya-shastra IV.263-264
  6. Joyce Burkhalter Flueckiger (23 February 2015). Everyday Hinduism. John Wiley & Sons. s. 74. ISBN 978-1118528181. 
  7. 7,0 7,1 Ananda K. Coomaraswamy, «The Dance of Shiva», i The Dance of Shiva: Fourteen Indian Essays, rev. utg. (New York: Noonday Press), (1957) ISBN 81-215-0153-9. Cited, «Nataraja», Manas, UCLA
  8. Quarterly Journal of the Andhra Historical Research Society, part III, pp. 25-26, as cited in Manohar Laxman Varadpande 1987, s. 154
  9. Ragini Devi, Dance Dialects of India, pp. 29-30. Motilal Banarsidass (1990) ISBN 81-208-0674-3
  10. Manohar Laxman Varadpande 1987, s. 154.
  11. Vanamali (4 October 2013). Shiva : stories and teachings from the Shiva Mahapurana. ISBN 978-1-62055-248-3. OCLC 827262640. 
  12. Manohar Laxman Varadpande 1987, s. 5.
  13. Manohar Laxman Varadpande 1987, s. 98.
  14. Shovana Narayan (1 Januar 2004). Indian Theatre And Dance Traditions. Harman Publishing House. s. 14. ISBN 978-8186622612. 
  15. Tumuluri Seetharama Lakshmi (1994). A study of the compositions of Purandaradāsa and Tyāgarāja. Veda Sruti Publications. s. 116. 
  16. Manohar Laxman Varadpande 1987, s. 146.
  17. Classical and Folk Dances of India. Marg Publications. 1963. s. 43. «There are three types of Tandavas generally used in Kathak, namely, Krishna Tandava, Shiva Tandava and Ravana Tandava, but sometimes a fourth variety - Kalika Tandava, is also recognised .» 
  18. Marie Joy Curtiss (1970). Kathak, Classical Dance of India. University of the State of New York. s. 12. 
  19. Lavanya Vemsani (13. juni 2016). Krishna in History, Thought, and Culture: An Encyclopedia of the Hindu Lord of Many Names: An Encyclopedia of the Hindu Lord of Many Names. ABC-CLIO. s. 220. ISBN 9781610692113. «Bharatanatyam and Kuchipudi developed a style of dance known as Tandava, a set of vigorous dance moves mainly performed with brisk movements of the feet, which was once said to have been performed by the child Krishna while he defeated the sepant Kaliya in Kalind lake in Brindavan.» 
  20. Vimalakānta Rôya Caudhurī (2000). The Dictionary of Hindustani Classical Music. Motilal Banarsidass. s. 80. ISBN 978-81-208-1708-1. 
  21. Angana Jhaveri (1986). The Raslila Performance Tradition of Manipur in Northeast India. Michigan State University. Department of Theater. s. 105. «Krishna tandava as used in the raslila has very spritely and joyful dance movements. It involves small quick movements, light springy jumps, fast footwork, spinning at a dizzy speed and some acrobatic movements. But the overall effect of the form is that of grace and delicacy suitable to the romantic and youthful character of Krishna.» 
  22. Dalal 2014, s. 278.
  23. Brenda Pugh McCutchen (2006). Teaching Dance as Art in Education. Human Kinetics. s. 450. ISBN 978-0-7360-5188-0. 
  24. Sehdev Kumar (2001). A Thousand Petalled Lotus: Jain Temples of Rajasthan : Architecture & Iconography. Abhinav Publications. s. 184. ISBN 978-8170173489. 

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]