Hopp til innhald

Sommar-OL 1952

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 15. olympiske sommarleikane
Deltakande nasjonar 69
Deltakarar 4925 (4407 menn, 518 kvinner)
Øvingar 149
Opningsseremoni 19. juli 1952
Avslutningsseremoni 3. august 1952
Offisielt opna av Juho Kusti Paasikivi
Paavo Nurmi tenner OL-elden på olympiastadion i Helsingfors

Sommar-OL 1952 vart halde i Helsingfors i Finland. USA vart beste nasjon, medan Noreg tok 3 gullmedaljar.

Dette var første gongen eit lag frå Sovjetunionen var med i leikane. Gymnastikklaget vann den første gullmedaljen av åtte samanhengjande i dei følgjande leikane.

Medan Tyskland hadde vore utestengd i 1948 fekk landet no senda deltakarar. Berre idrettsfolk frå Vest-Tyskland konkurrerte.

Medaljestatistikk

[endre | endre wikiteksten]
Dei beste nasjonane
Plass Land Gull Sølv Bronse Totalt
1 USA 40 19 17 76
2 Sovjetunionen 22 30 19 71
3 Ungarn 16 10 16 42
4 Sverige 12 13 10 35
5 Italia 8 9 4 21
6 Tsjekkoslovakia 7 3 3 13
7 Frankrike 6 6 6 18
8 Finland 6 3 13 22
9 Australia 6 2 3 11
10 Noreg 3 2 0 5