Rajya Sabha
Rajya Sabha (sanskrit for 'stat-samling') er overhuset i det indiske parlamentet (Sansad). Overhuset har 245 representantar som hovudsakleg sit i seksårsperiodar. Desse er arrangerte slik at ein tredel av periodane ender kvart andre år. Dei fleste medlemmene blir valde inn av dei ulike territorium- og delstatsforsamlingane, men 12 medlemmer blir peikte ut av presidenten i India for bidrag til kunst, kultur, vitskap og samfunn. Visepresidenten i India er ordstyrar for kammeret.
Begge kammera kjem saman i den indiske parlamentsbygningen Sansad Bhavan i Delhi. Rajya Sabha har i prinsippet same makt som underhuset Lok Sabha, bortsett frå i budsjettspørsmål. Om kammera er ueinige skal dei ha eit felles møte. Her blir Lok Sabha mektigast ettersom det har rundt dobbelt så mange medlemmer som Rajya Sabha. I India si historie har ein berre halde tre slike fellesmøte, det siste i 2002 for Prevention of Terrorism Act.
Rajya Sabha blei skipa 3. april 1952 og heldt sitt første møte 13. mai same året.
Fordeling av setene i Rajya Sabha
[endre | endre wikiteksten]Kammeret kan ha opptil 250 representantar, men har i praksis 245.
Delstat/territorium | Representantar |
Andhra Pradesh | 18 |
Arunachal Pradesh | 1 |
Assam | 7 |
Bihar | 16 |
Chhattisgarh | 5 |
Goa | 1 |
Gujarat | 11 |
Haryana | 5 |
Himachal Pradesh | 3 |
Hovudstadsterritoriet Delhi | 3 |
Jammu og Kashmir | 4 |
Jharkhand | 6 |
Karnataka | 12 |
Kerala | 9 |
Madhya Pradesh | 11 |
Maharashtra | 19 |
Manipur | 1 |
Meghalaya | 1 |
Mizoram | 1 |
Nagaland | 1 |
Odisha | 10 |
Panjab | 7 |
Puducherry | 1 |
Rajasthan | 10 |
Sikkim | 1 |
Tamil Nadu | 18 |
Tripura | 1 |
Uttarakhand | 3 |
Uttar Pradesh | 31 |
Vest-Bengal | 16 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rajya Sabha» frå Wikipedia på engelsk, og «Rajya Sabha» frå Wikipedia på svensk den 5. november 2013.
- FREQUENTLY ASKED QUESTIONS ABOUT RAJYA SABHA, rajyasabha.nic.in