Magnetisk storm
Utsjånad
Ein magnetisk storm eller geomagnetisk storm er eit romværsfenomen i magnetosfæren til jorda, skapt av ei sjokkbølgje i solvinden, som i sin tur er skapt av ei form for solaktivitet, vanlegvis eit koronamasse-utbrot eller solstorm. Vanlegvis varar stormen i éit eller nokre få døgn.
Dei eigenlege magnetiske stormane kan observerast samstundes over heile jorda og varar i fleire dagar. Meir kortvarige magnetiske stormar, substormar, finst spesielt i polarlysovalen. Forstyrringane av magnetfeltet kan under kraftige stormar kome opp i 10 % av den totale feltstyrken.
Effektar
[endre | endre wikiteksten]Blant effektane av geomagnetiske stormar kan det nemnast:
- Nordlys langt sørover. Når magnetosfæren blir trykt saman av sjokkbølgja i solvinden, blir polarlysovalane utvida, slik at nordlyset er synleg lenger sørover og sørlyset lenger nordover enn vanleg.
- Høgare strålingsnivå. Stormen fører til at ion og elektron i magnetosfæren akselerer til høge energiar, og strålingsnivåa aukar difor både i magnetosfæren (først og fremst i strålingsbelta) og i den øvre atmosfæren. Det kan ha stor påverknad på satellittar, men har ingen effekt nede på jorda.
- Elkraftproblem. Når magnetfeltet til jorda blir endra, blir elektrisk straum indusert i kraftleidningar på overflata til jorda, noko som kan føre til overbelastning i transformatorar med skadar og/eller store elektriske avbrot som følgje. Saman med risikoen for satellittar er dette den største økonomiske risikoen med geomagnetiske stormar. I ein studie frå det amerikanske vitskapsakedemiet National Academy of Sciences er konklusjonen at elkraftnettet framleis (2009) er sårbart, og at ein uvanleg sterk geomagnetisk storm kan få konsekvensar som økonomisk vil kunne samanliknast med orkanen Katrina sine herjingar.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Geomagnetisk storm» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Severe space weather. NASA news feature, 21 jan 2009
- ↑ Severe Space Weather Events -- Understanding Societal and Economic Impacts. Workshop Report, Committee on the Societal and Economic Impacts of Severe Space Weather Events:A Workshop, National Research Council, 2008. ISBN 0-309-12770-X