Hopp til innhald

Mérida i Spania

Koordinatar: 38°54′N 6°20′W / 38.900°N 6.333°W / 38.900; -6.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mérida
Flagget til Mérida Byvåpenet til Mérida
Flagget til Mérida Byvåpenet til Mérida


Plassering
Mérida i Spania is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Extremadura
Provins Badajoz
Grunnlagd 25 fvt.
Borgarmeister José Ángel Calle Gragera
Geografi
Flatevidd
 - By

865,6 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

55 568
  64,2 /km²
Koordinatar 38°54′N 6°20′W / 38.900°N 6.333°W / 38.900; -6.333
Høgd over havet 217 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 06800
Nettstad: www.merida.es

Mérida er hovudstaden i den autonome regionen Extremadura i Spania. Han har kring 55 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagd i år 25 fvt. som Emerita Augusta, etter soldatane til keisar Augustus som grunnla byen. Namnet Mérida kjem av dette namnet. Byen vart grunnlagd for å verne ein fjellovergang og ei bru over elva Guadiana. Byen vart hovudstad i den romerske provinsen Lusitania og ein av dei viktigaste byane i Romarriket. Mérida har bevart fleire viktige romerske monument enn nokon annan by i Spania (mellom anna ein triumfboge frå tida under Trajan). På grunn av dette er den arkeologiske samlinga i Mérida innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Under vestgotarane var han framleis ein praktfull by, særleg under biskopane som styrte her på 500-talet, då han var hovudstad i Hispania. Biskop Paulus førte bispedømet til stor rikdom og det vart det rikaste i heile Spania. Biskop Fidelis gjenoppbygde domkyrkja og under biskop Masona vart han den første byen i Spania ein veit om med sjukehus.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mérida i Spania