Lars Aslaksrud
Lars Aslaksrud | |||
| |||
Fødd | 2. oktober 1867 Norderhov | ||
---|---|---|---|
Død | 3. juni 1941 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Ektefelle | Marie Aslaksrud | ||
Alle verv |
|
Lars Johansson Aslaksrud (2. oktober 1867–3. juni 1941) var ein norsk jarnbanemann, fagforeiningsleiar og politikar frå Norderhov i Buskerud. Han var stortingsrepresentant 1916-18 for Arbeidarpartiet i Oslo.
Aslaksrud var son til ein gardbrukar. Han tok eksamen ved Jægerkorpsets underoffiserskule i 1889 og byrja arbeide i Norges Statsbaner i 1891. Perioden 1911-21 var han fyrstelærar ved Jarnbaneskulen, sidan var han trafikkinpektør i Oslo distrikt til 1935.
Aslaksrud svar bystyremedlem i Oslo 1904-15, treårsbolken 1907-10 med sete i formannskapet. Perioden 1907-11 var han også formann i Jarnbaneforbundet. Valperioden 1916-18 representerte han einmannskrinsen Nedre Romerike på Stortinget, der han var medlem av Justiskomite nr 1 og vald for Arbeidarpartiet. Aslaksrud var også medarbeidar i jarnbanepressa og ein kort periode redaktør i Akershus Social-Demokrat.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Stortingsbiografi Arkivert 2018-05-19 ved Wayback Machine.