John Robert Schrieffer
John Robert Schrieffer (fødd 31. mai 1931) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Schreiffer mottok Nobelprisen i fysikk i 1972 saman med John Bardeen og Leon Cooper «for den felles utviklinga deira av teorien om superleiareigenskapen, mest kjend som BCS-teori».
Etter uteksamineringa frå Eustis High School i 1949 vart han tilsett ved Massachusetts Institute of Technology der han i to år jobba med elektroteknikk før han bytta til fysikk i sine yngre år. Han fullførte ein Bacheloroppgåve under John C. Slater i 1953. Schrieffer følgde ei interesse for faststoffysikk og byrja ved University of Illinois at Urbana-Champaign, der han vart kort tid etter vart tilsett som forskingsassistent til John Bardeen. Etter å ha jobba seg fram til eit teoretisk problem med elektrisk ladning på halvleiaroverflater var Schrieffer eit år i laboratoriet der han overførte teorien til fleire overflateproblem. I sitt tredje år slutta han seg til Bardeen og Cooper i utviklinga av teorien for superleiing.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Robert Schrieffer» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1931
- USA-amerikanske fysikarar
- Nobelprisvinnarar frå USA
- Nobelprisen i fysikk
- Folk frå Oak Park i Illinois
- Elevar ved Massachusetts Institute of Technology
- National Medal of Science
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Comstock-prisen i fysikk
- Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet
- Fysikarar på 1900-talet