Jamalo-Nenetsk
Jamalo-Nenetsk | |||
Ямало-Ненецкий автономный округ | |||
sjølvstyrt område | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Sibir | ||
Del av | Den uralske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Salekhard | ||
Areal | 683 976 km² | ||
Folketal | 515 960 (2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +5 | ||
Bilnummer | 89 | ||
Jamalo-Nenetsk 67°15′00″N 74°40′00″E / 67.25°N 74.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Yamalo-Nenets Autonomous Okrug |
Jamalo-Nenetsk[a] er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er ein del av Tjumen oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Salekhard, arealet er 683 976 km² og innbyggjartalet er 547 010 (2021). Den største byen er Nojabrsk.
Jamalo-Nenetsk ligg heilt nordvest på den sibirske sletta. I nord ligg Nordishavet. Her munnar elva Ob ut i ei nesten 1000 kilometer lang vik eller fjord, Ob-golfen. Området er for det meste lågland, men i vest omfattar det dei nordlegaste utløparane av Uralfjella – det høgste punktet er fjellet Pajer (1499 moh.) Havet er frose store delar av året, og landskapet er for det meste tundra. Berre i sør finst det litt skog. Middeltemperaturen i januar er –25 grader celsius, i januar +7 grader celsius.
I 1962 vart det funne store petroleumsforekomster i Jamalo-Nenetsk. Over 90 % av all naturgass i Russland blir utvunnen her, og også mykje olje. Området er òg eit av dei områda i Russland der det blir drive mest reindrift, hovudsakleg av urfolka. Dessutan førekjem det ein del oppdrett av pelsdyr.
Grunna oljenæringa har Jamalo-Nenetsk hatt stor innvandring frå resten av Russland og utlandet òg. Dermed utgjer urfolket no berre ein liten del av folket. Dei største etniske gruppene er:[1]
- Russarar - 59,7 %
- Ukrainarar - 9,4 %
- Nenetsar - eit samojedisk folkeslag - 5,7 %
- Tatarar - 5,5 %
- Khantiar - 1,8 %
- Aserbajdsjanarar - 1,8 %
- Basjkirar - 1,6 %
- Kviterussarar - 1,2 %
- Komiar - 1,0%
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området har vore busett av nenetsar iallfall sidan det første tusenåret e.Kr. På 1000-talet kom kjøpmenn frå Novgorod til dette området. Sidan rundt 1500 hevda herskarane i Moskva overherredøme, men først i 1595 vart det første russiske støttepunktet oppretta - festninga Obdorsk (dagens Salekhard). Utover 1700-talet utvikla dette seg til ein handelsplass der russiske handelsfolk bytte til seg pelsverk, fisk, elfenbein av mammut og kvalrosstenner.
Etter den russiske revolusjonen vart sovjetisk styre oppretta i april 1918. Det jamalo-nenetsiske nasjonale distrikt vart oppretta i 1930. I Stalin-tida fanst det fangeleirar som var del av gulag-systemet her, og slavearbeidskraft frå desse leirane bygde mellom anna ei jernbanelinje austover frå Salekhard.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart området eit av føderasjonssubjekta i den uavhengige russiske føderasjonen.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010