Elysium
Utsjånad
Elysion eller Elysium er eit dødsrike i gresk og romersk mytologi. Dette er ein lukkeleg stad der ein rekna med at menneske som hadde døydd, og andre, kunne ha eit sorglaust tilvære som likna det gudane hadde.[1]
Det blir også kalla «den elysiske sletta» eller «dei elysiske markene». Staden er nemnd i Ode til gleda og har gjeve opphav til gatenamnet Champs-Élysées i Paris.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elysium» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Burkert, Walter: Greek Religion, 1985.