Chick Webb
Utsjånad
Chick Webb | |||
| |||
Fødd | 10. februar 1905 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Baltimore | ||
Død | 16. juni 1939 (34 år) | ||
Dødsstad | Baltimore | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1926–1939 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trommesett | ||
Verka som | orkesterleiar, dirigent, jazzmusikar, songar |
Chick Webb, eigentleg William Henry Webb, (10. februar 1905–16. juni 1939) var ein amerikansk jazztrommeslagar og storbandleiar.
Han var fødd i Baltimore, og vart som barn pukkelrygga og kortvokst, på grunn av tuberkulose. Lækjaren hans rådde han til å byrje å spele trommer for å lindre stive ledd. Dette vart starten på ei framgangsrik musikkarriere. Til trass for dei fysiske hindringane vart han ein av jazzens største trommeslagarar. Som 17-åring byrja han å spele med artistar som Duke Ellington og Johnny Hodges. Han var veldig talentfull og beundra av mange samtidige trommeslagarar.
Webb døydde i 1939 på grunn av tuberkulose, berre 34 år gamal. Vokalisten Ella Fitzgerald tok etter hans død over orkesteret.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Chick Webb: Baltimore's Jazz Giant Arkivert 2011-05-26 ved Wayback Machine. - biografi