Anser
Anser | |
Grågås Foto: Oli Bac
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Stamme: | Gås Anserini |
Slekt: | Anser Brisson, 1760 |
Anser er ei biologisk slekt av åtte artar «grå gjæser», vassfuglar i andefamilien Anatidae. Slekta har ein holarktisk distribusjon, med minst éin art hekkar i eit ope, vått habitat i subarktiske og kjølige tempererte strøk på den nordlege halvkula om sommaren. Nokre hekkar òg vidare sørover, og inn i varme tempererte regionar. De fleste trekkjer sørover om vinteren, vanlegvis til regionane i den tempererte sona.
Artane i slekta varierer i storleik frå den største, sædgås, på opptil 88 cm, og den minste, dverggås, på 54 til 66 cm. Alle har bein og føter som er rosa eller oransje, og nebb som er rosa, oransje eller svart. Alle har kvite under og øvre haledekkfjører, og fleire har ei viss grad av kvitt på hovudet. Halsen, kroppen og vengene er grå eller brune, med svarte eller gråsvarte handsvingfjører og ofte òg armsvingfjører. Dei nært nærskylde gjæsene i slekta Branta er ulike ved å ha svarte bein, og generelt mørkare fjørdrakt.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Anser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Namn | Vitskapleg namn | Engelsk namn | Status | Autor | Utbreiing etter Handbook of the Birds of the World Alive.[3][4] |
---|---|---|---|---|---|
Stripegås | A. indicus | Bar-headed Goose | LC | Latham, 1790 | Hekkar i åtskilte område i sentrale Asia, særleg Tibetplatået og Mongolia. Overvintrar sør for Himalaya i Pakistan, India, Bangladesh, Myanmar og Thailand.[5] |
Keisargås | A. canagica | Emperor Goose | NT | Sevastianov, 1802 | |
Snøgås | A. caerulescens | Snow Goose | LC | Linné, 1758 | |
Eskimogås | A. rossii | Ross's Goose | LC | Cassin, 1861 | |
Grågås | A. anser | Graylag Goose | LC | Linné, 1758 | Eurasia frå Island i vest austover gjennom Europa, Kasakhstan, Mongolia, nordlege Kina, sørlege Russland inn i Khabarovsk kraj lengst aust. Overvintringsområde òg frå Portugal og nordlege Marokko i vest, Irak, Iran, fra Afghanistan austover gjennom nordlege India, Myanmar og gjennom sørlege Kina til Gulehavet.[6] |
Svanegås | A. cygnoides | Swan Goose | VU | Linné, 1758 | Hekkar i oppstykka område i Sentral-Asia, vesentleg Mongolia, Indre Mongolia og Heilongjiang i Kina, aust til nordre Sakhalin. Overvintrar i Søraust-Kina og på Koreahalvøya.[7] |
Tundragås | A. albifrons | Greater White-fronted Goose | LC | Scopoli, 1769 | Nordvestre, sentrale og søraustre Europa, Sørvest-Asia, Pakistan, nordlege India og austlege Kina. Stillehavskysten av Asia, Japan; vestlege Amerika (California og Mexico), sørvestre USA og i Mexico, hekkebestanden på Grønland overvintrar på Dei britiske øyane.[8] |
Dverggås | A. erythropus | Lesser White-fronted Goose | VU | Linné, 1758 | Hekkar fragmentert i eit smalt band frå nordre og indre Skandinavia, Nord-Finland, Kola-halvøya og tvers over Sibir til stillehavskysten. Overvintrar i sentrale og søraustlege Europa, aust til Iran og inn i søraustre Kina, Korea og Japan.[9] |
Sædgås | A. fabalis | Taiga Bean-Goose | LC | Latham, 1787 | Nordlege Eurasia frå nordlege Fennoskandia gjennom heile nordlege Russland i Europa og asiatisk Russland til Stillehavet, dels inn i nordlege Mongolia og inn i Heilongjiang i nordaustleg Kina. Overvintringsområde spreidd i Europa, sørlege Kasakhstan, austlege Kina, Koreahalvøya og Japan. Arten sitt hekkeområde i Noreg er avgrensa til indre Finnmark.[10] |
Tundrasædgås | A. serrirostris | Tundra Bean-Goose | NR | Swinhoe, 1871 | A. s. rossicus: Russisk taiga frå Kaninhalvøya til Tajmyrhalvøya, overvintrar i vestre og sentrale Europa og Sørvest-Asia. A. s. serrirostris: Frå Lena i Sibir omtrent til Anadyrplatået i Tsjukotka, Sibir. |
Kortnebbgås | A. brachyrhynchus | Pink-footed Goose | LC | Baillon, 1834 | Hekkar på Nordaust-Grønland, i Island og på Svalbard. Overvintrar i Storbritannia, kystområda i Belgia, via Nederland, kystområda av vestlege Tyskland og inn i vestlege Danmark.[11] |
- Utbreiing i Noreg
Svanegås har hatt to observasjonar i Noreg fra og med år 2000 til og med 2015. Stripegås har blitt observert meir enn 1000 gongar etter tusenårsskiftet.[12] Kortnebbgås hekkar på Svalbard og passerer Fastlands-Noreg under trekket. Sædgås, dverggås og grågås er hekkefuglar i Fastlands-Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Anser (bird)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2011
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. mai 2016
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Bar-headed Goose (Anser indicus). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52816 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Greylag Goose (Anser anser). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52815 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Swan Goose (Anser cygnoid). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52810 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Greater White-fronted Goose (Anser albifrons). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52813 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Lesser White-fronted Goose (Anser erythropus). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52814 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Bean Goose (Anser fabalis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52811 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Pink-footed Goose (Anser brachyrhynchus). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52812 on 18 May 2016).
- ↑ Søk på artsobservasjoner.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Anser hos Artsdatabanken
- (en) Anser – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Anser i Encyclopedia of Life
- (en) Anser i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Anser hos Dyntaxa
- (en) Anser hos Fauna Europaea
- (en) Anser hos Fossilworks
- (en) Anser hos ITIS
- (en) Anser hos NCBI
- (en) Kategori:Anser – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Anser – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons